erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Puter under armane

Kvifor er det slik i dag at når norsk ungdom søker om sumarjobb, så føl det alltid med eit lite "men". Dette vesle "men-et" er at dei skal på tre veker ferie med familien midt i juli, men kan jobba både før og etter. Kva skjedde med den gode gamle sumarvikaren? I desse dagar er det 15 år sidan eg tilbrakte sumaren min på eit renseri i Sogndal. Det var ingen draumejobb, men det var utruleg godt å tena sine eigne pengar. Situasjonen i dag er heilt anleis.

Sjølv om ungdomane i dag er betre og flinkare enn me var og drikk mindre alkohol enn me gjorde, så er det ikkje alt som har forandra seg til det betre. Andelen unge norske søkjarar til sumarjobb i hotellbransjen har gått nedover kvart einaste år. I tillegg har andelen av søknadar frå ungdom som inneheld spørsmål om fri midt i juli gått opp. Midt i juli! Perioden på året då me faktisk treng sumarvikarar.

Denne veka las eg ein artikkel på VG+ om Linn Jeanette Egset Holt som vel å ta ekstrajobbar for at borna som studerer skal sleppe nettopp det. Sleppa å jobba. Eg kan forstå argumentet med at ein treng all mogleg tid på å faktisk studera, men eg har aldri møtt nokon som har vorte skadelidande av å ha ein ekstra- eller kveldsjobb ved sidan av studiane. Snarare tvert i mot trur eg det bidreg til at ein får med seg ein del verktøy som ein treng når ein er ferdig med studiane og skal ut i arbeidslivet. Eg klarar faktisk ikkje hugse at det var nokon i mitt årstrinn som ikkje hadde sumar- og deltidsjobb når me gjekk på Vidaregåande skule.

Den nevnte artikkelen viser til ei SSB-undersøking som seier at tre av fire ungdomar hadde eiga inntekt på slutten av 90-talet, mot berre halvparten av 17-åringane i 2015. Trenden har garantert ikkje snudd, og den vil heller ikkje snu om tankegangen til Egset Holt får manifestera seg i samfunnet. Journalisten spør faktisk Egset Holt om ho syr puter under armane på ungane sine, noko ho sjølv avviser, men eg er totalt ueinig! Det å jobba ekstra for at dine ungar skal sleppa er det største dømet på å sy puter under armane. Alle som har hatt jobb i ungdomen veit kor kjekt det var når ein kunne kjøpa noko for sine eigne pengar. Pengar ein hadde tent gjennom hardt arbeid. Dette skapar moral som er viktig når ein skal starte si ferd i arbeidslivet.

Eg trur me må snu denne trenda, og eg er heilt overbevist om at me må få ungdomane i jobb mykje tidlegare enn kva som er tilfelle i dag. Om du utdannar deg til jurist og startar å arbeida når du er 25 år, så må vel ein tidlegare erfaring frå arbeidslivet kunne koma godt med? Eg kan ikkje fatta og begripa at det skal vera bra at ditt aller første møte med arbeidslivet er når du er midt i 20-åra.

Mi oppfordring til deg som har born som skal byrja på Vidaregåane skule er difor krystallklar: be dei om å søkja ein sumarjobb! Dei treng ikkje vera med på familien sin årlege ferie til Kreta når dei har blitt 16 år. Lat dei vera heima aleina og utvikle seg sjølv gjennom både den erfaringa og å ha ein sumarjobb! Ungdomane vert raskare vaksne, dei tek meir kontroll over eige liv, dei er betre rusta til å styre kvardagen i studietida og sist, men ikkje minst blir dei betre rusta for arbeidslivet!

Eg håpar at me framover ser ei endring, og at me får fleire søknadar frå ungdomen i tida som kjem. Jobben startar hjå foreldra, for det er der ungdomen har lært at dei sjølvsagt ikkje skal arbeida i ferien. Snur ikkje trenda får diverre eit lite heldig utsagn meir sanning over seg: "Ungdom i Noreg har ikkje arbeidsmoral!". 

 

Artikkelen eg viser til kan lesast her:
https://www.vg.no/nyheter/i/K3bJey/har-ekstrajobb-for-at-ungene-skal-slippe 

 

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir