erlendflunde.no

Arbeidsglede og leiarskap i praksis!

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"
Slider

Søvnmangel = dårleg leiarskap

Mitt inntrykk er at søvn som eit leiarverktøy er undervurdert, det var i alle fall tanken min når eg starta å skriva denne artikkelen. Eg har følt at det har vorte gitt for mykje plass til å skryta av profilerte personar som søv lite og har suksess. Det viser seg at det er vel så mange artiklar om at mykje søvn er viktig, også for leiarar. Truleg er det meir min irritasjon over all positiviteten rundt lite søvn og det feilaktige biletet det gir unge håpefulle som er årsaken. Her er kva eg tenkjer om søvn - håpar du ikkje sovnar undervegs...

Fire - 4 - timar er på mange måtar blitt den gylne regel når markante personar skal skryta av kor lite dei faktisk søv, og kor mykje dei får gjort i løpet av ein dag. Donald Trump og Jan Bøhler er to ekstremt ulike personar, men dei har til felles at dei begge søv berre fire timar kvar natt. Dette gjeld også Stig Ove Ølmheim som i romjula vart portrettert i Dagens Næringsliv på grunn av sin hektiske kvardag og at han held seg til fire timar søvn kvar natt. Misforstå meg rett, dette er ikkje eit angrep på Trump, Bøhler eller Ølmheim, det er eit forsøk frå meg på å nyansera kor viktig søvn er i kvardagen som leiar. Det er eit forsøk på å visa at ein absolutt ikkje må sova lite for å lukkast i næringslivet!

Som nybakt pappa merkar eg at søvn har blitt mangelvare, og når eg i dag var tilbake på jobb etter to veker permisjon var det eit litt surrete hovud som satte seg ned i kontorstolen. Det har nok ikkje berre med søvn å gjera, men også det faktum at eg har vore borte frå jobb i to veker og saknar stimuli for hjernen. Det er ikkje noko problem for meg med lite søvn over ein kort periode, og eg har også hatt tider der søvn har vore ned mot fire timar per natt. Eg veit likevel at det ikkje fungerer for meg i lengda, eg veit at om eg skal vera ein høgt presterande leiar så må eg ha meir søvn, mykje meir. 

Omgrepet "Sleepless Elite" vart etablert av Wall Street Journal. I denne vesle eliten er mellom 1 og 3 prosent av verdas befolkning, og det er dei som kan sova mindre enn kva normale menneske kan. Det er her me finn mellom anna Bøhler og Ølmheim, meir tvilsomt er det med Trump sidan han lyg om alt anna så lyg han nok om søvn også. Med mellom 97% og 99% sannsyn er difor framtidas leiarar personar som treng normalt med søvn, altså ein stad mellom seks og åtte timar kvar natt. Difor er eg på generelt grunnlag skeptisk til at ein skal trekka fram desse supermenneska, då det dannar eit farleg idoliserande bilete av at det er slik ein må leva om ein skal lukkast i næringslivet.  

Får du for lite søvn risikerer du at du blir hissigare og mindre fokusert, to ting som gjer seg dårleg som leiar. Står du ofte opp med ei kjensle av at du tok ei øl for mykje dagen før så har du feil søvnmønster og presterer truleg dårlegare som leiar. I korte periodar der du er førebudd på det er etter mitt syn heilt fint, men i den normale kvardagen må du ha eit bevisst forhold til å nytta søvn som eit leiarverktøy. 

Mine fem råd:

  1. Skap struktur i kvardagen din slik at du har ein plan for korleis du skal løysa dine oppgåver kvar dag. Dette gjer at du får gjennomført fleire av dine oppgåver, og du sikrar at du ikkje tar med deg unødig stress inn på soverommet.
  2. Bruk tid på å trena hjernen opp til å "skru seg av" frå vanskelege problemstillingar. Eg brukar å seia at noko av det viktigaste du kan gjera er å legga bort dine jobb-problem i ein mental skuff når du går frå jobb, slik at du kan opne den når du kjem tilbake dagen etter. Blir du god på dette så unngår du at desse problema forstyrrer deg når du skal sova.
  3. Ha eit bevisst forhold til når du skal legga deg. Me er alle ulike, nokon sovnar på sekundet medan andre, som meg, treng lengre tid på å sovna. 
  4. Sett vekkerklokka på det tidspunktet du faktisk vil stå opp - unngå slumrefella!
  5. Sist, men ikkje minst, så må du ha balanse mellom jobbliv og privatliv. Det eksisterer fleire Erlend, og for at Direktør-Erlend skal fungere optimalt må også Ektemann-Erlend, Pappa-Erlend og "berre-Erlend" få sin tilmålte tid i kvardagen. Balanse gir deg meir ro, og meir ro gir deg betre søvn.

Dei fem råda over følger eg til punkt og prikke kvar einaste dag! Nei, eg klarar sjølvsagt ikkje det, men eg prøver. Eg prøver å legga meg 22:30 kvar kveld sidan eg treng opp mot éin time på å sovna, og eg har vekkerklokka på 06:30. Dette klarar eg sjølvsagt ikkje kvar kveld, men det er det som er intensjonen min. Så gjenstår det å sjå kor mykje søvn eg klarar å få som småbarnsfar, og om mindre søvn knytt til dette vil gjera meg til ein dårlegare leiar. Eg trur at mindre søvn knytt til barn har ein anna effekt enn mindre søvn knytt til eit ynskje om å sove lite. Det første er biologisk medan det andre er eit forsøk på å endra korleis kroppen er samansett. Eg trur også at ein ved å få barn faktisk kan bruka dette til å utvikla seg vidare som leiar då ein får litt andre refleksjonar på livet.

Eg er sjeldan einig med Carl I. Hagen, men han har ein gong uttalt fylgjande til Dagens Næringsliv, som eg stiller meg bak:

Jeg tror mange skryter på seg lite søvn. Når du sier at du sover lite er du liksom supereffektiv, superfornuftig, superflink!
- Carl I. Hagen

Sov godt!