erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Arven frå KIWI

For litt over ti år sidan var eg kledd i grønt i kvar einaste dag! Eg elska min grøne uniform og eg bar den med stoltheit dag ut og dag inn! Kva har eg så tatt med meg frå mine knappe fem år i KIWI? Har eg teke med meg noko av arven frå KIWI inn i hotellbransjen og kan ein sjå att noko av det i min noverande kvardag? Sjølv trur eg det, og eg skal gjennom denne artikkelen dra dykk gjennom nokre lærdomar frå mi tid i grønt.

Sjølv om eg ikkje lenger er like lojal til KIWI som eg var tidlegare, så er det fortsatt i ein grøn butikk eg føler meg mest heime når eg handlar. KIWI har vore viktig for meg, det var der eg lærte meg om viktigheiten av varetrykk og det var der eg forelska meg i servicebransjen. Frå 2004 til 2007 jobba eg deltid på KIWI Hermansverk i heimbygda i tillegg til Vidaregåande skule. Når eg var ferdig på skulen valde eg å takka ja til ei stilling som Assisterande butikksjef, noko eg var fram til våren 2009. Det var i KIWI eg fekk mitt første møte med leiarrollen, og det var gjennom KIWI eg fekk mitt første møte med økonomisk styring av ei bedrift.

Det er i hovudsak to lærdomar eg har tatt med meg frå KIWI som ein kan sjå att i mitt daglege virke ti år seinare:

 

Det er betre å vera ein god original enn ein dårleg kopi!

Eg trur mi leiargruppe kan sei seg einig i at eg veldig sjelden seier "nei" til nytenkjande idear, uansett kor sprø dei kan høyrast ut. Dette er fordi eg har sett verdien av å vera tidleg ute. KIWI er ein original innan daglegvarebransjen med sine grøne uniformar, samt at dei var først ute med mellom anna bleieavtale og momskutt på frukt og grønt. Slike visjonære tankar har medført at KIWI i mange år har vore ein av dei marknadsleiande daglegvarekjedene i landet.

Det å vera visjonær og tidleg ute er viktig også i hotellbransjen, som er ein bransje der endringane skjer ekstremt raskt. For min del er det difor viktig at mitt hotell, Comfort Hotel Bergen Airport, har "gutz" til å satsa på dei originale tiltaka. Eg er hellig overbevist om at det gir oss økonomisk effekt i det lange løp å tenkja utradisjonelt:

  • Skal me starta eit hotellkurs for personar utanfor arbeidslivet? Sjølvsagt!
  • Skal me opne biehotell? Utan tvil!
  • Skal me kaste eingangsplast til ein verdi av 15.000 kroner? No-brainer!

Den dagen eg byrjar å seie "nei" til nytenkande tiltak er den dagen eg ikkje lenger passar til denne jobben. Samstundes er det i nokre tilfelle eg må seie "nei", og det er når tiltak vil gi ein negativ økonomisk effekt. Det penslar oss fint inn på den andre lærdomen frå KIWI-tida:

 

Ei krone her og ei krone der!

Som hotellets øverste leiar er det mitt ansvar å drifte bedrifta bærekraftig økonomisk. Kva er det viktigaste? Ei krone på topplinje eller ei krone på botnlinje? Det er eit spørsmål med mange svar, men i utgangspunktet er det berre eit som gir toppkarakter:

"Ei krone spart på kostnadssida medfører ingen ekstra kostnadar - ei krone ekstra på topplinje fører med seg kostnadar."

Betyr dette då at ein ikkje skal fokusere på salg? Nei, sjølvsagt betyr det ikkje det, men det betyr at du som leiar må ha eit bevisst forhold til kva eit salg faktisk kostar deg. Er det verkeleg verdi i å arrangere den after work'en med 15-20 gjester og ein trubadur som kostar deg rundt kr. 5.000? Det ga kanskje ei fin topplinje den dagen, men fekk du noko med deg ned til botn. Som leiar må ein ha kontroll på lommeboka til bedrifta og vera sikker på at kostnadssida er under kontroll. Dette kan gjerast på mange måtar, den sikraste, men minst effektive er at du sjølv detaljstyrer alt og sikrar alle innkjøp sjølv. Det gir deg full kontroll, men det gir ingen utvikling til dine avdelingsleiarar.

Eg har veldig tru på konseptet "need to have & nice to have"!
På eit hotell er det veldig mykje som er definert "need to have" som mellom anna alkohol, matvarer, toalettpapir og sengetøy.  Me kan aldri slutte med innkjøp av toalettpapir fordi me skal spare pengar, då ville ikkje du lenger vore vår gjest. Samstundes skal me alltid søka dei beste økonomiske løysingane på innkjøpa, utan at det fører til at me går frå toalettpapir til sandpapir. Det er ikkje din jobb som øverste leiar å ha detaljkontroll på dette, men det er din jobb å syte for at dine avdelingsleiarar har den kremmerånden som trengs for å drifte sin avdeling økonomisk bærekraftig.

Når det gjeld "nice to have" så er dette retta meir mot investeringar i både små og stor skala. Det er dog ikkje alltid slik at alle investeringar er "nice": ein ny støvsugar er ein investering, men det er sjølvsagt også "need to have" sidan romma me selger må vera reine! Samtidig er det viktig at mine avdelingsleiarar klarar vurdere om ein verkeleg må gå til innkjøp av den nye maskina til kr. 10.000 som hadde vore veldig kjekk å ha. 

Eg skal vera ærleg å sei at eg har stålkontroll på kostnadssida i mi bedrift. Eg har ingen oversikt over dei små detaljane på innkjøp, men eg har den oversikten eg treng for å vite når ein faktura avviker frå normalen. Dette kombinert med ein god intern kultur på "need to have & nice to have" gjer at eg veit at det ikkje blir sløst med bedrifta si lommebok. Heldigvis er eg også utstyrt med ein god hukommelse som gjer at eg stort sett hugsar kvar einaste faktura eg ser, og det gjer det enkelt å analysere regnskapet kvar månad. Dersom du vil bli leiar så treng du ikkje vera "Rainman" for å ha kontroll på kostnadane, men du må gå frå å vera uvitande til å ha eit bevisst forhold til pengane som går ut av din bedrift.

Sist, men ikkje minst: mantraet og fokuset ut i organisasjonen må alltid vera auka salg! 
Det er i leiargruppa kostnadsfokuset i hovudsak skal liggja!

 

Ha ein flott og grøn Himmelsprett-dag!

 

"Vi er på en grønn planet, i en bedre virkelighet! 
Over hele landet kan du høre alle si vi drar til Kiwi, Kiwi, Kiwi!
Vi er som en grønn stor kropp, Trønder-faen spiser vi opp!
Vi tar over Norge vi er kommet for og bli og vi er Kiwi, Kiwi, Kiwi!

- KIWI-sangen

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir