erlendflunde.no

erlendflunde.no

"Hard work beats talent
when talent doesn't work hard!"

Slider

Jakten på hotellgenet

Når du skal til tannlegen er det som regel kun «null hull» som er godt nok. Slik er det heldigvis ikkje i Nordic Choice Hotels. Hjå oss er alle med hol i CV-en velkomne. Me ser meir på kven du er og om du har hotellgenet eller ei. Ein genial idé frå min kollega Victor satte i gong ein fantastisk jakt på dette hotellgenet!

I februar i år kunne me på Comfort Hotel Bergen Airport invitera 32 ivrige og svoltne arbeidssøkjarar til Hotellkurs og talentjakt. Alt starta med eit lite forslag frå Victor Aguiar. Det heile handla om at me måtte kunne gjera ting anleis og gjennom det kunne gjera meir! Gjera meir som i å få fleire personar i jobb. 

Me må vera ærlege; ikkje alle passar inn i serviceyrket og difor er det ikkje alle som kler ein jobb på hotell. Det var for sjeldan at me fann stjernekandidatar gjennom enkelte møter med NAV og Introduksjonssenteret for flyktningar. Kva om me kunne få møte og teste ut mange fleire? Idé vart til plan og plan vart til realitet og prosjekt i løpet av hausten og vinteren i fjor. NAV og Introduksjonssenteret for flyktningar var positive til prosjektet frå første dag og dei starta sin jobb med å velja ut kandidatar.

Det var ei fin stemning når me i februar endeleg kunne ynskje 32 håpefulle deltakarar velkomne til kurs. Halvparten saman med Iveta på Housekeeping og den andre halvparten saman med Victor i restauranten. Eit sterkt fagleg program både teoretisk og praktisk skulle sikra auka kunnskap om jobben som servitør og reinhaldar. For meg som direktør var det ein fryd å vandre rundt på hotellet og sjå eit enormt konkurranseinstinkt under sengeoppredningskonkurranse, samt felles jubel frå heile gruppa når ein deltakar klarte å opna ei flaske vin korrekt. For ei stemning!

Etter tre dagar fann me ni personar som hadde hotellgenet. Desse ni personane gjekk inn i praksis dei neste tre månadane og når den perioden var over sat me att med fire som me ville tilby jobb! Alaa og Johan fekk kontrakt som servitørar, medan Daniel og Jan fekk kontrakt som reinhaldarar. Alle fire hadde gjennom hotellkurset og talentjakten vist oss at dei verkeleg hadde hotellgenet og at dei hadde potensiale til å verta enorme servicestjerner på hotellhimmelen! Iveta, Victor og eg var utruleg stolte når me kunne signere kontraktane, i full vissheit om at Alaa, Johan, Daniel og Jan kanskje, eller mest truleg ikkje, ville fått jobb like raskt utan vårt kurs og vår talentjakt.

Kvifor valde me å gjera dette? Kvifor valde me å bruka timar og ressursar på eit kurs for 32 personar med det resultat at fire fekk sommerkontrakt med oss? Svaret ligg i grunnmuren til Nordic Choice Hotels: hjå oss er alle velkomne uansett kven du er eller kvar du kjem frå. Det var viktig for oss å syne fram og skapa stoltheit for det fantastiske hotellyrket! Enkelte bedrifter vel å ta inn praksiskandidatar fordi det er billig arbeidskraft, men dei bedriftene lurer seg sjølv! Det er riktig at du kan få kandidatar gratis gjennom NAV i ein periode, men når du tek desse inn må du bruka tid på både opplæring og oppfølging. Vinninga går difor truleg opp i spinninga, samstundes som du lurer ein arbeidssøkjar til å tru at det er moglegheiter for jobb.

For meg personleg er dette ei stor hjartesak, og eg er veldig glad for at heile mi leiargruppe står bak at me skal gjera ein skilnad. Hotellyrket er sosialt og det er etter mitt inntrykk enkelt å bli ein del av gjengen eller gruppa. Det er difor ein god arena for praktisering av språk, men også steget tilbake i arbeidslivet for deg som har vore utanfor. Me kan ikkje hjelpa alle, eg kan ikkje gi alle som tek kontakt med meg jobb, men ingen skal bli stoppa i døra fordi CV-en har hol eller fordi din mor eller far har eit etternamn me har utfordringar med å uttale korrekt.

Det er i dag mange arbeidssøkjarar som slit med "feil" namn på CV-en. Det bryr ikkje me oss om! Uansett om namnet ditt er Ali eller Ola så er du velkommen til oss så lenge du har det viktigaste, nemleg hotellgenet! 

"Potensielle kandidatar må syna at dei faktisk vil jobba hjå oss, og gjera det med stoltheit."

Iveta Lagzdkalne (Housekeeping Manager Comfort Hotel Bergen Airport)

 

  • Artikkelvarsling

    Ynskjer du å motta varsling kvar gong det kjem ein ny artikkel på erlendflunde.no? Meld deg på her!
    Les meir